Den 18. Norsk orgelfestival
- finn stad i nært samarbeid med Nordisk kyrkjemusikksymposium 18. – 21. september.
Vår intensjon er at desse to evenementa skal skapa ein utfyllande symbiose:
Der Nordisk kyrkjemusikksymposium fokuserer på den nordiske kyrkjemusikken,
vil Norsk orgelfestival ha fokus på orgelmusikken i eit europeisk perspektiv.
Det europeiske perspektivet vil vera retta mot dei største og viktigaste epokar og genrar.
Dei fremste kunstnarar, kjennarane og formidlarar har takka ja til å bidra:
-Professor Paolo Crivellaro, Universtät der Künste, Berlin/Milano:
”Klassisk italiensk orgelkultur fram til 1700-talet”.
-Professor Harald Vogel: Hochschule für Musikk, Bremen:
”Den nord - tyske orgelkultur fram til 1700-talet”.
-Professor Olivier Latry, Pariskonservatoriet/Notre Dame:
”Fransk orgelmusikk frå tre århundre”
-Professor Leo van Doeselaar, Universtät der Künste, Berlin/NL:
”Bach og krinsen kring han”
Elles medverkar meir heimlege orgelsolistar:
Siste tilskot i Stavangers habile organiststall, den unge Ole Karsten
Sundlisæter, urframfører Magnar Åms orgelmesse,
-eit bestillingsverk til Norsk orgelfestival.
Kantor i St Petri, Vidar Vikøren, gir ved ei konsertførelesing smakebitar frå doktorgradsarbeidet sitt: ”Utviklingstrekk i orgelteknikken i tida etter Bach”
Bachs ”store orgelmesse” frå Clavierübung III blir framført av Kåre
Nordstoga. Kvedaren Halvor Håkanes bidreg med norske folketonevariantar av
koralane i orgelmessa.
Meisterklasseundervisning på føremiddagane vil finna stad i utvalde kyrkjer,
-kyrkjer med orgel som tilfredsstiller dei ulike musikalske stilarter,
-kyrkjer med god plass rundt orgelet slik at alle får optimalt utbytte av undervisninga.
Torsdag 18. september legg ein opp til safari i Nord-Jærens unike og høgst internasjonale orgellandskap. I regionen finn ein orgel av fremste kvalitet og av høgst ulik stil og tradisjon frå norske, svenske, danske, tyske, engelske og hollandske orgelbyggjarar.
Instrumenta blir presenterte av lokale organistar og involverte orgelbyggjarar.
Etter orgelsafarien overtar Nordisk kyrkjemusikksymposium festivalstafetten fram til sundag ettermiddag 21. september.
Velkomne til ei kyrkjemusikalsk storhending som vårt land aldri har opplevd maken til!
Norsk orgelfestival, Stavanger 2008 blir arrangert av Stavanger kyrkjelege fellesråd.
i samarbeid med
Domkirken Musikk A.S og
dei aktuelle kyrkjene i regionen.
Våre viktigaste støttespelarar er:
Stavanger kommune, Rogaland fylkeskommune, Norsk kulturråd, Solstad Offshore, Stavanger bispedømeråd, Sandnes kommune og Sandnes kyrkjelege fellesråd.