10. mars 2010   Logg inn
You are here: Arkiv » Om festivalen 2009  
Om Norsk orgelfestival
ORGELTRADISJONEN I MØTE MED EI NY TID
 
 
Sidan 1990 har Norsk orgelfestival (NOF) tatt mål av seg til å medverka til auka interesse og engasjement for orgelmusikk og for orgelet som vårt fremste kyrkjemusikalske instrument.
 
Orgeltradisjon står overfor det ein med stor rett kan kalla eit paradigmeskifte.
Den norske kyrkja skal snart ta i bruk nye liturgiar og ny salmebok.
Her skal den tradisjonelle musikalske arven kyrkja er tildelt å forvalta leva side om side med idiom frå populærkulturen.
 
NOF ynskjer i denne situasjon å bidra til at nye uttrykk og endra liturgiske og estetiske preferansar kan møtast slik at utfordringane kan verka fornyande på orgelkulturen.
Me vil bidra å leggja til rette for at ny salmebok og nye liturgiar kan få optimal synergieffekt slik at unge og gamle kan einast i det beste frå fortida med det gode i nåtida til beste for framtida.
 
NOF 2009 har ”Orgeltradisjonen i møte med ei ny tid” som hovudoverskrift. Med hjelp av ulike innfallsvinklar og ved å fokusera på ulike faglege element, vil festivalen stimulera til vidareføring av tradisjonen, og til fornying.
 
Til dette har me fått med oss framståande representantar frå den internasjonale organistelite:
 
Professor Bine Bruhnsdorf, København, vil ha musikk av Buxtehude, Bach og 200-årsjubilanten Mendelssohn på repertoaret både for meisterklasse og konsert.
 
Den franske orgelprofessor Eric Lebrun vil saman med Brüssel kammerorkester og Det norske katedralensemble stå for urframføringa av årets bestillingsverk; ein orgelkonsert skriven av Ole Karstein Sundlisæter. Vidare vil Lebrun gi meisterklasse med fransk orgelmusikk samt ein konsert med verk av Mendelssohn, Franck, Ropartz, Litaize og Lebrun.   
 
Den kjende svenske orgelvirtuosen Gunnar Idenstam gir konsert og meisterklasse med klassiske verk, folkemusikk og improvisasjon. Han vil også undervisa i korleis orgelet best kan brukast til utføring av musikk frå populærkulturen.
 
Ei rekkje andre  utøvarar vil også medverka.
For dette og for programmet elles viser me til ”Program” øvst på sida.
 
Velkomne til
 
• Gudstenester og orgelmesser
• Konsertar og orgelrecitasjonar
• Meisterklassar og konsertførelesingar
• Orgelsafari og panelsamtale
    
Hovedside 2010  |  Arkiv
Copyright 2006 by Duplo Data AS   |  Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk